Forklaringsartikkel
Dreiestål
Dreiestål er laga av hardt materiale som er slipt i ei form berekna på dreiing eller fresing.
Eit dreiestål kan vere laga i HSS (high-speed steel), som er ein ståltype som kan slipast. Likevel er eit dreiestål som oftast eit utskiftbart hardmetallstål som blir sett inn i ein stålhaldar. Dette kan ikkje slipast. Ver merksam på at omdreiingshastigheita kan vere betydeleg større når ein bruker hardmetallstål. Du finn meir informasjon i verkstadhandboka.