Forklaringsartikkel
Seriekopling
Seriekopling med tre motstandar. Bilete: Dag Olav Lereim / CC BY-SA 4.0
Seriekopling er ein koplingstype der plusspol på eitt element blir kopla til minuspol på eit anna.
Døme: Når eit batteri på 1,5 volt blir seriekopla med eit anna, er pluss på det eine batteriet kopla til minus på det andre. Dei resterande polane utgjer pluss og minus i krinsen.
Ved seriekopling legg vi saman spenninga for kvart element. Det inneber at 3 batteri på 1,5 volt til saman gir ei utgangsspenning på 4,5 volt.