Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Aluminium

Aluminium (Al) er eit lettmetall med atomnummer 13 i det periodiske systemet.

Resirkulerbar aluminium -kun 5% energiforbruk

Aluminium (Al) er eit lettmetall med atomnummer 13 i det periodiske systemet. Aluminium kan gjenvinnast. Ved smelting av resirkulert aluminium treng ein berre 5 prosent av den energien som må til for å framstille aluminium frå råvara. Sidan aluminium er så lett og motstandsdyktig mot korrosjon (rust), er det særs mykje brukt i industrien og byggjebransjen. I tillegg leier aluminium elektrisitet særs godt, og blir difor mykje brukt i både høgspentkomponentar og elektriske komponentar.

Skrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 02/05/2025