Forklaringsartikkel
3D-printing
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0
3D betyr eigentleg «tre dimensjonar». Printing, eller utskrift, kjenner du frå før. Du kjenner kanskje til X- og Y-aksen frå matematikken? Dette gir to dimensjonar eller retningar. Foto og teikningar er døme på noko som er laga i ei ramme av to dimensjonar eller retningar.
Z-aksen er den tredje dimensjonen eller retninga. No får vi inn høgda, og vi kan leggje på lag på lag med materiale, saman med dei andre to dimensjonane X og Y.
X-, Y- og Z-aksen gir oss rom og djupn, tre dimensjonar. Vi kan no skape former, delar og konstruksjonar. Stilig?