Forklaringsartikkel
Løfteåk
Eit løfteåk, eller åk, er ein løftereiskap som held lasta stabil og i riktig vinkel. Det heng mellom kroken og vara som skal løftast.
Løfteåket er vanlegvis laga av stålbjelkar for tyngre løft. Løfteåket kan vere montert på vara som skal løftast, eller det heng frå kroken i krana.