Forklaringsartikkel
Enstatitt

Locality: Summit Rock, Klamath Co., Oregon, USA
Field of view 4 mm. Bilete: Leon Hupperichs / CC BY-SA 4.0
Field of view 4 mm. Bilete: Leon Hupperichs / CC BY-SA 4.0
Enstatitt er eit silikatmineral, og ordet kjem av det greske ordet for motstand. Her er det motstand mot varme. Mineralet består av magnesium, silisium og oksygen.
Enstatitt finst i olivinsteinførekomstar, mellom anna i Nordfjord i Noreg.
Slike silikatmineral utgjer ein stor del av minerala i jordskorpa, rundt 60 prosent.
Mange silikat har gode eigenskapar og kan lagast kunstig. Dei har høg hardleik og haldbarheit. Eit slikt døme er sement, der silikata blir danna under herdinga.