Forklaringsartikkel
Koordinatbord

Bilete: meidell.no / CC BY-SA 4.0
Ved hjelp av eit koordinatbord kan du styre ein fresemaskin til å frese i éin, to eller tre koordinatar, altså retningar:
- til høgre og venstre
- ut og inn
- opp og ned
Koordinatbordet blir betent med hendlar for kvar retning. Hendlane kan opererast for hand og/eller med elektriske motorar. Datastyrte maskinar (CNC-maskinar) blir drivne av synkronmotorar som er kopla til dataanlegget.