Forklaringsartikkel
Radiallager
Radiallager er ein type kule- eller rullelager som reduserer friksjon og støttar roterande akslingar. Du finn dei i alt frå syklar til store industrimaskiner.
Snitt gjennom eit kulelager som viser aksiell og radiell belastning. Bilete: Bjørn Dølving / CC BY-SA 4.0
Radiallager er konstruert for å handtere krefter som verkar vinkelrett på lengderetninga til akslingen. Lageret består av ein indre ring, ein ytre ring og kuler eller rullar mellom ringane. Ringane gjer at akslingen roterer lett med lite friksjon og slitasje.
Vi bruker kulelager når vi har høge rotasjonshastigheiter, mens vi bruker rullelager der belastninga er større.