Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Cnc

CNC betyr computer numerical control, som lett omsett til norsk betyr "datastyrt maskin". Ei datamaskin forstår eit numerisk (numerical) språk.

For at vi skal kunne bruke eller kontrollere ei CNC-styrt maskin, må vi programmere datamaskina til å gjere jobben vi ønskjer. Her må vi skrive i ein kode, altså språket som maskina forstår. Vi lagar ei oppskrift (eit program) som datamaskina følgjer slavisk frå start og heilt til slutt. Det finst ein felles, internasjonal standard for desse programmeringane som gjer samhandling og arbeid på tvers av land lettare.

Ei CNC-styrt maskin er svært presis og kan lage store seriar både i enkle og detaljerte delar.

Skrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 08/10/2022