Forklaringsartikkel
Bladsøkjar

Bilete: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
Ein bladsøkjar er eit verktøy for å måle smale opningar mellom to flater eller to punkt. Bladsøkjaren består av mange blad (shims) av metall i ulike storleikar, samla i eit knippe.
Du kan til dømes måle klaringar mellom ventilar og overliggjande kamaksel i ein motor. Rett bladstorleik vel du ut frå skjema og måledokumentasjon for den aktuelle motoren.