Forklaringsartikkel
Magnesium

Mineral med magnesiumsilikathydroksid. Bilete: Rights Managed / CC BY-NC-SA 4.0
Magnesium (Mg) er eit lettmetall med atomnummer 12 i det periodiske systemet. Magnesium kan vinnast att. Dette metallet er både svært lett (det veg mindre enn aluminium) og svært sterkt, og det blir gjerne brukt i kostbare lettmetallfelgar.
Magnesium er eit jordalkalimetall. Det betyr at det ikkje finst i rein form, men det kan hentast ut av mineral som dolomitt eller olivin, eller det kan takast ut av ein elektrolyse frå sjøvatn. Du har kanskje høyrt om olivin?
Magnesium blir ofte brukt i aluminiumslegeringar for å gjere dei sterkare. Det har òg gode elektriske eigenskapar og blir mykje brukt i elektrisk utstyr. Dessutan er magnesium eit viktig mineral i kroppen vår, både i skjelettet og i musklane.