Forklaringsartikkel
AR – augmented reality

Bilete: OyundariZorigtbaatar / CC BY-SA 4.0
AR er ein teknologi som kombinerer bilete frå den verkelege verda med virtuelle, digitale bilete, film og lyd. Dette er godt kjent frå hjelmane til jagarpilotane, der piloten får opp informasjon i hjelmvisiret framfor seg, men er no òg i bruk innanfor både medisin og industri.
AR er òg kjent frå spelet Pokémon Go, der ein får sjå animerte figurar i eit vanleg bilete på telefonen.
Same teknologi blir mellom anna brukt av møbelindustrien, der du kan bruke kameraet og skjermen på din eigen telefon og får vist eit møbel frå ein katalog plassert i di eiga stove.
Innan industrien blir AR brukt i briller for å ha tilgang til instruksjonar og dokumentasjon i brilleglasa mens du jobbar.