Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Sveisebriller

Sveisebriller gir UV-beskyttelse. Det vil seie at dei beskyttar auga mot ultrafiolette strålar.

Mange sveisebriller har dobbel funksjon, slik som brillene på biletet. Dei har klare beskyttelsesglas i tillegg til mørke sveiseglas som kan vippast opp.

Sveisebrillene blir feste med strikk bak hovudet.

Sveisebriller skal vere CE-merkte. Det vil seie at produsenten garanterer at dei følgjer relevante sikkerheitsdirektiv, til dømes standarden EN 166 for augebeskyttelse.

Sveisebriller har også fargekode på glasa frå 8 (mykje lys gjennom) til 13 (veldig lite lys gjennom).

Skrive av Bjørn Dølving og Haldor Hove. Rettshavar: Bjørn Dølving
Sist fagleg oppdatert 06/10/2022