Forklaringsartikkel
Programmeringsskjerm, CNC

Bilete: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
Dei fleste CNC-styrte fresar og dreiebenkar har ein programmeringsskjerm der du kan lage eit program som maskina skal utføre arbeidet etter, direkte på maskina.
På desse programmeringseiningane kan du som oftast i tillegg programmere og kalibrere verktøyet til CNC-maskina. Dei fleste programmeringseiningane tillèt både ISO- og dialogprogrammering og har eit lagringsmedium der du kan lagre programmet og hente det fram igjen seinare.