Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Arbeidshanskar

Arbeidshansker blir nytta for å verne hendene dine mot varme, skarpe kantar eller kjemikal.

Arbeidshanskar reduserer risikoen for fingerskadar. Det finst arbeidshanskar for ulike formål, enkelte kan vere grove for å hindre rifter og sårskadar, andre toler varme og reduserer faren for forbrenning, mens andre er berekna for å verne mot etsande væsker og andre skadelege stoff. Det er viktig at du nyttar rette hanskar ut frå kva du skal arbeide med.

Arbeidshanskar skal som hovudregel IKKJE bli nytta viss du jobbar med roterande maskiner, fordi dei kan hekte seg fast i arbeidsstykke og dermed bli rivne av handa.

Alle område der du kan bli utsett for denne risikoen, skal merkast med påbodsskilt om bruk av arbeidshanskar.

Viss du kjem til eit område, ei maskin eller eit rom der du ser dette skiltet, er det ein fare for at du kan bli utsett for desse risikoelementa, og det er påbode at du nyttar arbeidshanskar.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 12/01/2022