Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Transistor

Transistoren har tre tilkoplingsbein. Sett frå den flate sida er koplingane slik: Base (b) i midten, emitter (e) til høgre og collector (c) til venstre. Det er

viktig at dei ulike beina blir rett kopla i krinsen, elles vil ikkje transistoren verke som han skal.

Vi må passe på at vi ikkje lèt det gå for stor straum gjennom ein transistor, då vil han bli øydelagd.

Transistoren vart oppfunnen i 1947 av tre amerikanarar. Det er fleire millionar transistorar i ein mobiltelefon, og ei moderne datamaskin inneheld fleire milliardar. Vidare finn vi transistorar i fjernsyn, radioar, bilar, videokamera, leiketøy, klokker, MP3-spelarar og så vidare.