Forklaringsartikkel
Brannsløkkingsapparat

Handsløkkar. Bilete: Terje Bendiksby / CC BY-NC-SA 4.0
Til å sløkke brann blir det ofte brukt eit handhaldt brannsløkkingsapparat. Dei mest vanlege midla i ein handsløkkar er pulver, skum og CO2.
Det er viktig at du bruker rett sløkkemiddel ut frå kva det er som brenn.
Sløkkemiddel har ulik merking, avhengig av kva dei kan brukast til. Pulver kan som regel bli brukt til å sløkke brann i både faste materiale, væsker og gass, og pulverapparat blir derfor merkte ABC.