Forklaringsartikkel
Raspberry Pi 4B
Raspberry Pi er ei minidatamaskin. Denne modellen har både Bluetooth og ekte Gigabit Ethernet. Maskina har ein firekjerna 64-bit-prosessor på 1,5 GHz og eit internminne* på opptil 4 Gb. Ho har to mikro-HDMI-utgangar som kan yte 4K-oppløysing med 60 fps (frames per second) med ein skjerm, eller 30 fps med to skjermar tilkopla.
Raspberry Pi 4B er svært anvendeleg til open programmering og smarthus-kompatible einingar for lys, kontaktar og varmekablar, for å nemne noko.
*Double data rate synchronous dynamic random-access memory (DDR SDRAM)