Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Pattern

Video: Torbjørn Helgesen Nordvik / CC BY-SA 4.0

Ordet pattern kjem frå engelsk og betyr «mønster». Mønster oppstår når element blir gjentekne, til dømes sirklar, rektangel og bølgjelinjer.

Pattern-funksjonen i Fusion 360 bruker vi til å lage kopiar. Han kan spare oss for mange liknande eller identiske teikneoperasjonar. Funksjonen er blant anna fordelaktig når vi skal lage mange hol på ei flate.

Vi kan plassere hol eller andre element på ulike måtar. Ofte bruker vi rektangulære eller sirkelforma mønster. I Fusion 360 har dei ulike mønstertypane desse namna:

Rectangular pattern = rektangulært rutemønster, elementa er plasserte på eit rutenett, i lik avstand frå kvarandre

Circular pattern = sirkelforma mønster, elementa er plasserte langs ei sirkelforma linje, i lik avstand frå kvarandre

Linear pattern = lineært mønster, ei rett linje. Ein kan til dømes teikne inn eitt eller fleire rette spor som går rundt eit røyr.

Etter at hola har blitt plasserte på rett stad, kan ein vi bruke extrude-funksjonen til å kutte dei. Alle objekta som skal bli til hol, må merkjast.

Skrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 06/21/2021