Forklaringsartikkel
M01
M01 blir nytta ved programmering av ein G-kode for bruk på ei CNC-styrt maskin. Kommandoen angir ein frivillig stopp i programmet, der spindel og eventuelt kjølevatn stoppar.
For å nytte seg av frivillig stopp må knappen for M01 bli aktivert på CNC-maskina ved køyring av programmet.
Det er viktig at du før bruk av M01 har programmert verktøyet bort frå arbeidsstykket, slik at verktøyet ikkje står i inngrep når spindelen stoppar.