Forklaringsartikkel
Bandsag
Her får du tips til bruk av bandsag eller kaldsag. Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0
Ei bandsag, òg kalla kaldsag, består av eit sagband som blir drive av ein elektromotor og går rundt eit frihjul. Denne saga har spesialherda tenner og kan sage ulike metall.
Kaldsag er eit anna namn på bandsaga, og det kjem av at vi bruker kjølevæske. Denne går i eit kretsløp, gjennom ein type filtrering og blir brukt om att og om att. Filteret må sjekkast og saga må reingjerast kvar gong ho skal brukast.