Forklaringsartikkel
Krinskort

https://commons.wikimedia.org/wiki/File:ArduinoUNO.png. Bilete: Paco1337 / CC BY-SA 4.0
Krinskortet held alle komponentar på plass og lagar koplingar og vegar mellom inn- og utgangar, som vist på dette Arduino-krinskortet. Koplingar som brytarar, mikroprosessorar og inn- og utgangar er oftast lodda til krinskortet. Dette gir godt samband.
Eit krinskort sparer plass og gjer at vi ikkje treng så mange leidningar og rele som før. I dag går utviklinga stadig raskare, og vi får plass til mykje meir datakraft på stadig mindre einingar og krinskort.
Ved feil bruk, overbelastning eller skade kan krinskortet kortslutte, og komponentar kan bli øydelagde om det kjem for mykje straum inn på kortet.