Forklaringsartikkel
Sveisebås

Bilete: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
Ein sveisebås er eit spesialtilpassa rom i verkstaden, berekna for sveising.
Sveisebåsen inneheld som oftast alt nødvendig verneutstyr, handverktøy, sveiseutstyr og gasstilkopling for å gjennomføre sveising. Sveisebåsen skal i tillegg ha godkjent avsug for å trekke ut sveisegassane.
Sveisebåsen har ofte brannhemmande spesialmateriale i vegger og golv.