Forklaringsartikkel
Summar (buzzer)

Ein summar er ein aktuator som lagar lyd. Bilete: Haldor Hove / CC BY-SA 4.0
Ein summar består av eit piezoelektrisk element. Når vi set på spenning, får vi ein vibrerande bølgjefrekvens som gir oss lyd, derav namnet summar.
At noko er piezoelektrisk, betyr at det er ein krystall som reagerer på straum ved at han utvidar seg og minkar. På den måten skaper det eit forhold mellom elektrisk og mekanisk energi. Dette "fenomenet" gir oss ein klikkelyd vi kan høyre. På fagspråket er dette ein elektromekanisk aktuator. "Aktuator" betyr å lage noko. Her lagar denne aktuatoren lyd eller summing.
Du finn slike summarar i mobiltelefonen din og i ringjeklokker, i mange ulike storleikar og til ulikt føremål. Felles for alle er at dei lagar ei form for varsel, eit merksemdsignal eller ein lyd.