Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Reinsenåler

Ei reinsenål blir brukt til å reingjere hol for tilførsel av gass ved å fjerne dropedanningar og sot. Du bruker reinsenåla ved å føre ho inn i hol i sveisemunnstykket eller sveisebendet. Hugs å bruke rett dimensjon.

Eit reinsenålsett har nåler med dimensjonar tilpassa både X11- og X21-standard.

Gasstraumen vil etter rett bruk av reinsenåler vere stabil og ikkje turbulent. Dersom du ikkje oppnår ønskt resultat, kan det kome av at sveisebendet eller munnstykket er defekt, eller at gasstraumen ikkje er korrekt.

Skrive av Bjørn Dølving. Rettshavar: Bjørn Dølving
Sist fagleg oppdatert 06/08/2022