Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Høyrselsvern

Høyrselsvern blir nytta for å redusere lydnivået du kan bli utsett for i støyande omgivnader.

Støy er eit alvorleg problem i arbeidsmiljøet. Det kan føre til store belastningar for dei som blir utsette for mykje støy. Støy fører til dårlegare høyrsel, tap av høyrsel og andre skader, som tinnitus. Mange utset seg likevel for høge støynivå i fritida.

Det mest effektive høyrselsvernet er øyreklokker. Det finst mange ulike typar. Vel høyrselsvern som er lette og behagelege å bruke, sjølv over lengre tidsrom.

Det er vanlegvis ikkje tillate å bruke øyreklokker eller øyreproppar med musikk i verkstadene.

Alle rom eller område der nokon kan bli utsette for støy, skal merkast med påbodsskilt om bruk av høyrselsvern.

Viss du beveger deg inn i eit område som er merkt med dette skiltet, er det ein fare for at du kan bli utsett for høge og skadelege lydar, og det er påbode at du nyttar høyrselsvern.