Hopp til innhald

Fagstoff

Gjennomfør intervjuet

Korleis skal du gjennomføre eit portrettintervju? Her får du nokre gode tips og råd.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Då er det endeleg tid for å ta fatt på intervjuet. De har no begge gjort ein grundig research og førebudd dykk til intervjuet. Bestem dykk for kven som skal intervjue først.

Ver vennleg og skap tillit

  • Det å bli intervjua kan opplevast litt skummelt for somme. Som intervjuar er det viktig å skape ei trygg ramme rundt situasjonen.
  • Du kan til dømes fortelje at medeleven din har rett til å få ta ein sitatsjekk når intervjuet er under ferdigstilling.
  • Lytt og ver merksam på det som blir sagt og still oppfølgingsspørsmål. Det vil seie at du ikkje må sitje og sjå etter kva som er neste spørsmål på lista di.
  • Gjer du lydopptak som du skal bruke, pass på å ikkje seie "ja" eller "m-m" stadig vekk. Det vil forstyrre lydklippet, men du kan ha augekontakt og nikke stille til den som blir intervjua.

Den som intervjuar må tenkje på dette i intervjusituasjonen:

  1. Still eitt spørsmål om gongen. La intervjuobjektet (O) få god tid til å tenkje seg om.
  2. Ikkje ver for avhengige av eigne spørsmål. Lausriv deg frå desse og still O oppfølgingsspørsmål om det hen seier. Viss det til dømes kjem fram at hen kranglar mykje med søstera si, følg opp med å spørje: "Kva er det de kranglar om då?"

    Dei beste intervjua er dei som går i djupna på nokre få spørsmål, ikkje dei som prøver å få med litt om alt.

  3. Hugs å notere ned moment som kan hjelpe deg med å gjere teksten du skal skrive til eit portrett. Er det noko O seier som gjer hen engasjert – skriv det ned. Blir O alvorleg i samtale om visse emne – få det også fram.

Det aller viktigaste er sjølvsagt at du får med deg det O seier. Det er lurt å bruke opptaksfunksjonen på mobiltelefonen din. Då kan du ha penn og papir i tillegg for å notere ned særeigenheiter og kroppsspråk.

Den som blir intervjua, kan tenkje på følgjande i intervjusituasjonen:

  1. Gi intervjuaren fyldige og gode svar. Du er eit kjedeleg intervjuobjekt viss du berre svarer "ja", "nei" eller "kanskje". Ver gjerne litt personleg og engasjert. Fortel om kva du brenner for! Elskar du kattar? Fortel kvifor. Synest du vaksne må ta seg saman og ta vare på kloden? Fortel korleis du blei engasjert i temaet.
  2. Men hugs at alle i klassen skal lese portrettet av deg. Pass på å ikkje fortelje noko som du eigentleg vil halde for deg sjølv. Du skal uansett lese gjennom portrettet før det blir publisert. Om du har blitt for privat, kan du endre dette då.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2019

Læringsressursar

Ny på vidaregåande