Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Start praten

Kva kan du gjere viss du får det vanskeleg på vidaregåande? I desse oppgåvene skal du diskutere korleis du sjølv og andre kan takle vanskelege utfordringar.
Fem ungdommar snakkar saman rundt eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1 – Start praten

Sjå videoen frå mental helse og diskuter spørsmåla i grupper.

  1. Trur de at det er vanskelegare for gutar enn jenter å snakke om følelsar? Grunngi svaret.
  2. Kva trur de er dei viktigaste grunnane til at mange ikkje snakkar om følelsane sine og synest det er vanskeleg å be om hjelp?
  3. Kva kan du gjere for at det skal bli lettare for andre å snakke om følelsar og korleis dei har det?
Tre ungdommar. Ei jente med hettegenser ser i kamera.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2 – Lag ein case: Ny på vidaregåande

Del klassen i grupper på tre eller fire elevar og jobb med oppgåvene.

  1. Kvar gruppe diktar opp ein person som nett har starta i første klasse på vidaregåande. Kva slags personlegdom, familiebakgrunn, utsjånad og interesser har han eller ho?
  2. Lag ei forteljing om hans eller hennar sine første månader på vidaregåande. Forteljinga skal innehalde:

    • Ei eller fleire konkrete utfordringar som personen møter på. Ta gjerne utgangspunkt i eitt eller fleire problem som de veit er aktuelle.
    • Ei skildring av korleis personen forsøkjer å løyse problemet. Kva gjer dei? Kven pratar dei med? Oppsøkjer dei nokon for å få hjelp? Kva gjer klassen?
    • Ei skildring av korleis løysingane fungerte. Kvifor fungerte dei bra eller dårleg?
  3. Presenter forteljinga for klassen. De kan presentere forteljinga som ei biletforteljing, teikneserie, rollespel, høyrespel eller liknande.
  4. Diskuter til slutt forteljinga i plenum. Løyste personen utfordringane sine på ein god måte? Kva kunne han eller ho ha gjort annleis?
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen. Rettshavar: NDLA
Sist fagleg oppdatert 11.12.2019

Læringsressursar

Ny på vidaregåande