Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Øving

Ta bilete av gode og dårlege relasjonar

Bruk eigne klassekompisar og kom opp med scenar som viser gode og dårlege relasjonar.

FooterHeaderIconFooter iconLK20
Tre jenger som snakker og ler sammen. Foto.

Korleis har fotografen jobba med plassering av og uttrykk hos personar – og vinkel og utsnitt på biletet – for å få fram relasjonen mellom dei personane?

I denne oppgåva skal de ta bilete som uttrykkjer gode og dårlege relasjonar. Bruk gjerne eigne mobiltelefonar.

Jobb aleine og i grupper.

  1. Beskriv skriftleg kva du vil ta bilete av.

    • Kva ønskjer du å fortelje?
    • Korleis skal du sikre deg at du gjer dette?
    • Du kan ta utgangspunkt i eit tema som 'på ny skule', 'venskap', 'klassekamerat', 'ekskludering', 'inkludering'.
  2. Diskuter ideen eller ideane dine med andre i klassen. Organiser dykk i passande grupper for å kunne realisere ideane til den enkelte på gruppa.

    • Korleis kan de ta biletet for å verkeleg gjere tydeleg bodskapen i biletet?
    • Korleis skal personar stå i høve til kvarandre?
    • Kva skal du gjere?
    • Kor mykje av situasjonen skal visast? Ansikt? Kroppsspråk? Omgivnader?
  3. Regisser scenar og ta bilete. Ta minst 10 ulike bilete av kvar av ideane/scenane. Bruk maks 20 minutt.
  4. Gå gjennom bileta og plukk ut 2 bilete frå kvar av ideane som de diskuterer i gruppa.

    • Kva fungerer?
    • Kva fungerer ikkje?
    • Bestem deg for to ting du vil gjere annleis i neste runde.
  5. Ta 10 nye bilete, jobb konsentrert og grundig for å gjere desse betre enn i første runde.
  6. Plukk ut to bilete aleine eller i grupper. Rediger bileta. Du kan til dømes skjere dei og/eller leggje på filter.
  7. Vel om du vil jobbe i gruppa di eller individuelt.

    • Kva kommuniserer bileta?
    • Beskriv kva du/de er spesielt nøgd med å ha fått til.
  8. Til slutt – lever bileta til lærar og presenter bilete for klassen.
Sist oppdatert 13.11.2019
Tekst: Albertine Aaberge (CC BY-SA)

Læringsressursar

Ny på vidaregåande

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar