Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Verdiar og klassemiljø

Eit godt klassemiljø er noko læraren og elevane skaper saman. I denne oppgåva skal du diskutere kva for verdiar som er viktige for å byggje eit bra miljø.
Bilete av fire medelevar i gangen på ein skule.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er ein klar samanheng mellom eit godt klassemiljø og god læring. Jo betre du trivst i klassen, jo lettare er det å gjere det bra på skulen. Viss du er trygg på dei du går saman med, og de støttar kvarandre, vil de løfte kvarandre.

Læring er på mange måtar eit lagspel. I klassar med godt miljø er det plass for alle, og elevane speler kvarandre gode. Det er derfor viktig at du, læraren og dei andre elevane aktivt bidrar til å byggje et godt miljø.

Eit godt klassemiljø er bygt på verdiar. Verdiar er grunnleggjande oppfatningar som styrer vala våre, som til dømes rettferd, ærlegdom og omsorg.

Oppgåve 1. Viktige verdiar

I denne oppgåva skal du utforske og finne døme på verdiar som er viktige for å skape eit godt klassemiljø.

Oppgåve 2. Ranger verdiane

I denne oppgåva skal de velje ut og rangere dei fire verdiane som de meiner er viktigast for å skape eit godt klassemiljø. Det er fint om de kan kome på nokre verdiar som ikkje står på lista.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2019

Læringsressursar

Ny på vidaregåande