Hopp til innhald

Fagstoff

Ein god skulestart for alle

Korleis kan du som lærar leggje til rette for ein god skulestart for alle elevane? Det finst fleire ulike tiltak for å skape eit godt miljø og fremje psykisk helse på vidaregåande. I denne artikkelen blir eitt av dei presentert saman med tips til ein betre start på vidaregåande.
Ungdom som planlegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei første dagane på vidaregåande skule er for dei fleste elevar forbundne med skrekkblanda fryd. Gleda handlar om nye moglegheiter, mens frykta ofte handlar om spørsmål som: ”Kva om eg blir ståande aleine i friminuttet?”, ”Tenk om eg ikkje får nokon vener?”, ”Kva skjer viss eg ikkje meistrar krava på vidaregåande?”.

Dette resulterer i at elevane bruker mykje tid på grubling og sosial nettverksbygging dei første dagane, på same tid som dei får masse informasjon om den nye skulekvardagen sin.

VIP-makkerskap er eit forsøk på å ta noko av den sosiale byrda vekk frå elevane, slik at dei kan fokusere på alle andre viktige aspekt ved skulestart. Når dei vaksne tek ansvar for klassemiljøet, blir det enklare for elevane å fokusere på å vere elevar. God klasseleiing og godt klassemiljø heng saman.

Når vi veit kor viktig eit godt klassemiljø er for læringa og trivselen til elevar, er det ekstra relevant å fokusere på nettopp skulestart. Dei sosiale grupperingane set seg raskt, og elevane kan ofte bruke lang tid på å bli trygge på kvarandre.

Eit tydeleg og strukturert fokus på det å byggje eit godt klassemiljø frå dag éin, kan skape eit tryggare klassemiljø tidlegare. Å arbeide med reglar og rutinar i ein klasse har påvist effekt på læringa til elevane og åtferd i klasserommet. Tryggleik og det at ”alle blir kjende med alle” er det elevane på evalueringar av VIP-makkerskap oftast trekkjer fram.

Kva er VIP Psykisk helse i skolen?
  • VIP står for rettleiing og informasjon om psykisk helse i skulen og er ei teneste med fleire tiltak. VIP-makkerskap for ungdomsskule og vgs. er eitt av desse.
  • Tenesta er eigd av Vestre Viken helseføretak og blir finansiert av Helsedirektoratet.
  • Det ordinære VIP-programmet er eit universalførebyggjande, landsdekkjande program primært for Vg1, der lærarar og ressurspersonar frå helsefeltet gjennomfører dialogbasert arbeid om psykisk helse i klassen.
  • VIP-makkerskap er eit praktisk verktøy for ein god skulestart. Skuleprogrammet VIP tilbyr ei kort opplæring, oppdatert materiell og rettleiing i implementering.
  • VIP Psykisk helse i skolen samarbeider med NDLA om fagressursar til det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring.

Seks gode råd for ein god skulestart

Mange skular og lærarar har eigne opplegg for elevane dei første dagane på skulen. Basert på skuleforsking og arbeidet vårt med skulestart gjennom VIP-makkerskap har vi i VIP Psykisk helse i skolen utarbeidd nokre gode råd for ein god start på Vg1:

  1. Jobb aktivt og bevisst for ein god skulestart. Ha ein tydeleg struktur for dette.
  2. Viss kontaktlærarar, i tillegg til skulen, sender ut eit hyggjeleg informasjonsbrev eller ein e-post i forkant, kan det bidra til at elevane veit kva som ventar dei, noko som er med på å tryggje dei. Fortel gjerne litt om kva dei første dagane vil innebere, slik at elevane er førebudde. Legg gjerne ved eit telefonnummer, slik at elevane kan ringje lærar viss dei har spørsmål.
  3. Ha eit sosialt opplegg for skulestart i klasserommet, der fokuset er at elevane skal bli litt kjende med kvarande. Ta omsyn til usikre elevar og ver varsam med leikar/øvingar som skaper utryggleik.
  4. Vi tilrår faste plassar i klasserommet frå første skuledag og gjerne ut skuleåret. Plassane kan rullerast til faste tider, til dømes kvar månad.
  5. Ha gjerne styrte aktivitetar i friminutta den første dagen, og kanskje òg dei første matpausane dagane etter. Då slepp elevane å gruble så mykje på korleis dei skal finne den sosiale plassen sin i pausane.
  6. Gjennomfør elevsamtalar tidleg i den første veka, eller allereie før skulestart. Dette bidreg til å tryggje elevane og byggje ein god relasjon mellom lærar og elev.

Elevar som samarbeider to og to. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er VIP-makkerskap?

Klassen blir frå første skuledag delt inn i makkerskap på to personar. ​​Desse makkerskapa tilhøyrer igjen ei makkergruppe. ​Makkerskapa og makkergruppene har oppgåver overfor kvarandre og blir skifta etter nokre veker – då får elevane nye makkerskap og makkergrupper.  Desse blir endra fleire gonger i løpet av hausten til dei fleste i klassen har vore i arbeidsgrupper og arbeidspar saman. I tillegg blir det lagt opp til arbeid med klassemiljø og sosial kompetanse gjennom oppgåver som lærar får tilgang til i eit eige rettleiingshefte.

Dersom du ønskjer meir informasjon, eller viss skulen din ønskjer å ta i bruk VIP-makkerskap, kan du ta kontakt med VIP Psykisk helse i skolen.

Andre skuleprogram som adresserer livsmeistring og psykisk helse i skulen, er:

Artikkelen er skrive av VIP Psykisk helse i skolen.

Kjelder

NOU 2015: 2. (2015). Å høre til. Oslo: Kunnskapsdepartementet


Ogden, T. (2009). Sosial kompetanse og problematferd i skolen. Oslo: Gyldendal akademisk.


Olsen, M.I. & Traavik, K.M. (2010) Resiliens i skolen. Oslo: Fagbokforlaget.


Skoleprogrammet VIP. VIP-makkerskap for videregående skole. Lærerveiledning 2020/2021.

CC BY-SASkrive av Jorid Bakken Steigum .
Sist fagleg oppdatert 06.04.2020

Læringsressursar

Ny på vidaregåande