Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Samhald i vidaregåande skule

Kva trur du blir dei viktigaste ferdigheitene du tek med deg frå skulen og inn i yrkeslivet? I denne oppgåva skal du trene på samarbeid, kreativitet og problemløysing. I grupper skal de ut frå ein idé skape eit produkt eller teneste som kan auke samhald og inkludering på skulen din.

FooterHeaderIconFooter iconLK20
Smilande unge menneske som sit rundt eit bord og gir kvarandre high five. Foto.

Samarbeid skaper idéar og løysingar.

Dagleg leiar Karen Dolva i selskapet No Isolation med ein robot som er utvikla for barn som er langtidssjuke. Foto.

Eit produkt som er resultat av sosial innovasjon, er roboten Av1. Denne roboten blei utvikla av selskapet No Isolation, for barn og unge vaksne med langtidssjukdom. Av1 fungerer som auge, øyre og stemme i klasserommet.

Sosialt entreprenørskap

Sosial innovasjon handlar om å kunne påverke eigne omgjevnader ved å finne løysingar på utfordringar eller problem. Dette kan vere problem som er knytt til miljømessig berekraft eller til sosiale problem. Ein sosial entreprenør er ein person som medvite tek tak i eit bestemt samfunnsproblem og etablerer ei ny løysing.

Problemstilling

Kom opp med ein idé til eit produkt eller ei teneste som kan auke samhald og inkludering i klassen eller på skulen. Samarbeid med to til fire andre medelevar.

Oppgåve

  1. Kreativitet og problemløysing. Bruk ein eller fleire av dei kreative metodane tankekart, idédugnad eller kreativ dialog. Her kan du få tips til idéutvikling.
  2. Visualiser. Teikn enkle skisser, illustrasjonar eller modellar for å vise idéen dykkar. Du kan til dømes teikne skisser for hand, lage ein digital illustrasjon, lage ein prototype i papp eller skrive ut ein prototype med 3D-skrivar.
  3. Pitch. Presenter idéen dykkar på 60 sekund for resten av klassen. Her kan du få gode tips til din pitch.
  4. Vurdering. Vurder eigen og andre sin idé. Kan idéane bli vidareutvikla? Er nokon av idéane i klassen mogleg å gjennomføre? Kjem de på nye idéar når de høyrer kva dei andre gruppene har jobba med? Kan de som klasse realisere ein eller fleire av idéane for å skape auka samhald og inkludering i klassen eller på skulen?
Portrett av Greta Thunberg som held ein plaket med "Skulestreik for klimaet" framom den svenske Riksdagen. Foto.

Greta Thunberg realiserte idéen sin om skulestreik for klimaet. Alle har moglegheit til å påverke eigne omgjevnader positivt.

Påverk eigne omgjevnader

Greta Thunberg realiserte sin idé om skulestreik for klimaet. Du har moglegheit til å påverke eigne omgjevnader positivt. I denne oppgåva har de skapt små eller store, realistiske eller urealistiske idéar som kan skape ein betre skulekvardag i klassen eller på skulen din.

Refleksjonsspørsmål

  1. Kva utfordring eller problem har de teke tak i, og på kva måte vil idéen kunne påverke eigne omgjevnader?
  2. Kan løysinga fungere på andre arenaer enn skulen?
  3. Tenk over kva produkt, idé eller konsept innanfor sosial innovasjon som har påverka livet ditt på ein positiv måte.
Mobiltelefon med bilete av ei jente som har sosiale medium i ei tankesky. Foto.

Det er utvikla mange ulike appar for å gjere det enkelt å snakke saman eller dele augeblinkar utan å møtest fysisk. Det finst appar der du kan bli kjent med nye menneske eller finne vener med felles interesser. Slike appar er utvikla for å løyse problem rundt sosial einsemd i samfunnet vårt.

Arbeidsmarknaden i framtida

Kanskje kjem du ein gong til å starte di eiga bedrift? Truleg skal du eller nokon i klassen din bli tilsett i jobbar som enno ikkje finst, arbeide med teknologiar som enno ikkje er funne opp og løyse problem vi enno ikkje veit at vil oppstå. Mange trur då at evna til å ta initiativ, samarbeide og kommunisere, evna til kreativitet og problemløysing blir dei aller viktigaste ferdigheitene du kan ta med deg inn i arbeidsmarknaden i framtida. Dette er ferdigheiter du, gjennom denne oppgåva, har trent på.

Vurder

  1. Kva for av ferdigheitene ovanfor har du brukt for å løyse denne oppgåva?
  2. Kva var viktig å tenkje på når du skulle samarbeide og kommunisere med gruppa di?
  3. Kva for ferdigheiter trur du blir viktige i ditt framtidige yrke?
Sist oppdatert 20.11.2019
Tekst: Hanne Merethe Riskedal Staurland (CC BY-SA)

Læringsressursar

Ny på vidaregåande

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar