Hopp til innhald

Fagstoff

Normer og normsendarar

Normer er reglar som fortel korleis ein skal oppføre seg og handle i ein gitt situasjon. Normer kan vere både skrivne og uskrivne reglar.
Ei jente med hettegenser og bandana taggar på ein vegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter

Kan du tenkje deg ein situasjon der du ville vore villig til å satse livet ditt på at heilt ukjente menneske følgde normene i samfunnet? Diskuter med sidemannen.

Dersom ein køyrer bil i 80 km/t rundt ein sving, er ein heilt avhengig av at dei ein møter følgjer regelen om høgrekøyring. Viss du sit på i ein bil, må du også stole på at sjåføren følgjer trafikkreglane og køyrer forsvarleg. Sjølv om bilkøyring i utgangspunktet kan vere livsfarleg, tenkjer vi sjeldan at vi er i livsfare når vi sit i ein bil. Grunnen til at det er mogleg å føle seg trygg i ein bil, er at samfunnet har utvikla eit avansert sett med normer som alle må følgje. Normer er heilt grunnleggande for at eit samfunn skal kunne fungere, og dei gjer oss i stand til å samhandle med vennar, familie, kollegaer og vilt framande menneske i tallause situasjonar.

Formelle og uformelle normer

Formelle normer er dei skrivne lovene og reglane i samfunnet. Dei juridiske lovene som blir vedtekne av Stortinget er ein viktig del av dette, men du vil møte formelle normer også i mange andre samanhengar. På skulen er det til dømes eit ordensreglement.

Uformelle normer derimot, er uskrivne. Det kan vere reglar for skikk og bruk og korleis det blir forventa at du oppfører deg i ulike situasjonar. I eit klasserom forstår dei fleste at ein ikkje bør ha beina på bordet, utan at det treng å stå i eit formelt reglement.

Både formelle og uformelle normer varierer frå stad til stad, over tid og mellom kulturar. Ting som blir oppfatta som greitt å gjere eller seie i dag, var kanskje ikkje ok for 20 eller 40 år sidan.

Når ein norm er blitt ei sjølvfølgje for deg, seier vi at norma er internalisert. Når du er liten, lærer du å takke for maten. I byrjinga må du bli mint på å gjere det, men etter kvart gjer du det automatisk. Norma er blitt internalisert, ho er blitt ein del av deg.

Diskuter

Sjå rundt deg i klasserommet. Finn døme på to uformelle normer som alle følgjer utan å tenkje over det. Kva for sanksjonar kunne du bli møtt med dersom du braut desse normene? Diskuter med sidemannen.

Sanksjonar

Viss du bryt ei norm, blir du gjerne møtt med negative reaksjonar. Viss du følgjer ei norm, kan du møte positive reaksjonar. Slike reaksjonar på sosial åtferd kallar vi sanksjonar.

Sanksjonar skal forsterke innlæringa av normer, og kan vere både positive og negative. Viss du gjer noko bra, kan du bli lønt med ros, og viss du ikkje gjer det som blir forventa, kan du kanskje få kjeft. Sanksjonane, saman med normene og reglane, er med og påverkar oppførselen vår. Forventa oppførsel blir lønt, og avvik frå dette, altså uønskt åtferd, blir straffa.

Normsendarar

Normsendarane er dei som påverkar deg i kvardagen, og som påverkar meiningane og haldningane dine. Normsendarar er sentrale i sosialiseringa. Alle du møter som forventar noko av deg, er normsendarar.

I første omgang er det foreldre, søsken og nær familie. Også vennar og leikekameratar er normsendarar. Vi har også normsendarar utanfor dei nære relasjonane. Det er læraren, handballtrenaren din, bussjåføren eller andre du møter på din veg. I vår verd møter du påverkarar også gjennom sosiale medium og bloggar. Gjennom eit samfunnsengasjement og som medborgar i samfunnet vil også andre mediestemmer, politikarar og andre vere normsendarar.

CC BY-SASkrive av Gro-Anita Mortensen, Inga Berntsen Rudi og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 27.09.2019

Læringsressursar

Ny på vidaregåande