Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kven kan du snakke med utanfor skulen?

Kven kan du snakke med viss du møter på personlege utfordringar mens du går på vidaregåande? Det finst mange tilbod til deg som treng informasjon eller nokon å prate med.

FooterHeaderIconFooter iconLK20
Kvinne sit med beina i kors med PC mens ho snakkar i ein mobiltelefon. Foto.

Viss du møter på ei utfordring mens du går på vidaregåande, er det viktig å ha nokon å snakke med og finne riktig informasjon. Mange får hjelp av familie og vener, men ofte kan ein òg ha behov for nokon andre å snakke med.

Her har vi laga ei oversikt over nokon at dei nettstadene du kan oppsøkje for å finne informasjon og nokon å snakke med. Hugs at viss det du står overfor er eit akutt og livstruande problem, må du alltid ringje 113.

Det er ikkje alltid du finn nokon å snakke med eller den informasjonen du treng på første forsøk. Då er det viktig å ikkje gi opp, men prøve igjen.

Kven kan du snakke med, og kvar kan du finne informasjon?

Hjelpetelefonar og nokon å snakke med
Generell informasjon for ungdom
  • Ung.no Dette er staten sin informasjonskanal retta mot ungdom. Her finn du kvalitetssikra info om mange ulike tema som helse, økonomi, utdanning, fritid, samfunn og rettar.
Fysisk og psykisk helse
Graviditet, sex og seksualitet
  • Amathea Råd til ufrivillige gravide.
  • Sex og chatten i samfunn Her kan du stille spørsmål om sex, seksualitet og seksuell helse.
  • Sex og samfunn. Dette er senter for seksuell og reproduktiv helse og rettar. Her kan du finne informasjon om sex, seksualitet og seksuell helse.
  • Helsestasjonen for ungdom er eit gratis tilbod for ungdom mellom 13–21 år. Her kan du stille spørsmål til ei helsesøster eller ein lege med teieplikt. Dei kan gi deg råd om fysisk og psykisk helse. På helsestasjonen for ungdom kan du til dømes få råd om stress, seksualitet, mobbing, mistanke om graviditet, prevensjon, testing av kjønnssjukdommar, eting, mistrivsel, tungsinn osb.
  • Fastlegen kan svare på alle spørsmål som har med helsa di å gjere og vise deg vidare viss det er behov for det.
Kjønn og identitet
Rus og avhengnad
  • Hjelpelinja Her kan ringje eller chatte om problem med avhengnad av pengespel og dataspel.
  • Giftinformasjonen Gir råd og hjelp ved akutt forgifting.
  • Rustelefonen Her kan ringje, chatte eller sende melding viss du har spørsmål om rus og rusmiddel.
  • Dopingkontakten Her kan du ringje, chatte eller sende melding viss du har spørsmål om kropp, trening og doping.
  • Snus og røykeslutt Informasjon viss du ønskjer å slutte å røykje eller snuse.
Vald, tvang, mobbing og overgrep
Foreldre, kjærast eller vener med utfordringar
Skule og utdanning
  • Utdanning.no Informasjon om utdanning og yrkesval.
  • Vilbli.no Dette er ei informasjonsteneste om vidaregåande opplæring. Her finn du info om ulike skular og utdanningsretningar.
  • Oppfølgingstenesta (OT) Oppfølgingstenesta rettleier og hjelper ungdom som ikkje er i opplæring eller arbeid.
  • Elev- lærling- og mobbeombudene Omboda hjelper elevar i vanskelege situasjonar. Du kan spørje dei om rettane og pliktene dine, og dei arbeider mellom anna med å forhindre mobbing, trakassering, diskriminering og vald.
  • Rettshjelpa Her kan du ta kontakt med Elevorganisasjonen viss du har spørsmål om rettane dine som elev og lærling.
  • Utdanningsavdelingane i fylka. Dei kan svare på spørsmål om eksamen, dokumentasjon, kvalitet, vidaregåande opplæring for vaksne og klage på karakterane.
  • Lånekassen.no
  • Forsvaret.no
Arbeid, økonomi og rettar

Kjelder

Skuleprogrammet VIP. (2017) Sånn er livet. Elevhefte til gjennomføring av VIP.

Ung.no (2020, 21 april) Oversikt over gode hjelpetenester. Henta frå https://www.ung.no/oss/#hjelp

Sist oppdatert 15.04.2020
Tekst: Karl Henrik Aanesen (CC BY-SA)

Læringsressursar

Ny på vidaregåande

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar