Hopp til innhald

Fagstoff

Kven er dei andre, eigentleg?

På tide å bli skikkeleg kjent med kvarandre! Bruk arbeidet med eit portrettintervju til å bli betre kjent med ein i klassen – og gjere klassen betre kjent med vedkommande.
Elev sitter ved pulten.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven er eigentleg dei nye klassekompisane dine?

Arbeidet med eit portrettintervju gir deg eit godt utgangspunkt for å bli godt kjent med ein i klassen du ikkje kjente til frå før. Dessutan krev forarbeidet du skal gjere at du må snakke med fleire elevar i klassen.

Sjangeren portrettintervju

I eit journalistisk portrettintervju er målet at lesaren skal bli betre kjent med ein person. Ulike sider ved intervjuobjektet skal komme fram, og journalisten prøver ofte å avdekkje bestemte personlegdomtrekk og ukjente sider ved å gi att hendingar og situasjonar personen fortel om. Det er også vanleg å beskrive kroppsspråket og miljøet personen er i under intervjuet.

Du skal no innta rolla som journalist og intervjuar, og gjere ein grundig jobb i førebuingane av intervjusituasjonen og gjennomføring av intervjuet. Til slutt skal du setje saman intervjuet.

Kva skal du gjere?

Arbeidet skal gå føre seg i denne rekkjefølgja:

Forarbeid

  • Kva veit du om personen frå før? Kva lurer du på?

Research

  • Research i klassen
  • Research på Internett

Førebuing til intervjuet

  • Lag gode spørsmål
  • Førebu opptak

Gjennomføring av intervjuet

  • Sjølve intervjuet

Vel ut og set saman

  • Vel ut
  • Setje saman intervjuet

Ferdigstilling

  • Intervjuobjektet godkjenner bruk av sitat
  • Kvalitetssikring

Presenter for klassen

Spørsmålstegn ansikt

Startoppgåve: Finn ditt intervjuobjekt

Du får tre minutt til å løyse oppgåva på eiga hand.

Set deg ved sida av ein i klassen du aldri har snakka med tidlegare. Viss du har snakka med alle i klassen, set deg ved sida av den du synest du kjenner minst.

Du skal lage eit portrettintervju av den du sit ved sida av.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2019

Læringsressursar

Ny på vidaregåande