Hopp til innhald

Fagstoff

Sosialisering

Gjennom sosialisering lærer menneska å fungere i eit samfunn og får kjennskap til dei reglane og verdiane som det blir forventa at ein skal følgje. Sosialisering er den prosessen som gjer at vi tek til oss dette – frå vi blir fødde til vi døyr.
Ungdom med mobiltelefonar i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er sosialisering?

Sosialisering handlar om korleis vi blir påverka, kva vi blir påverka av gjennom livet, og korleis dette formar oss som individ. Sosialiseringsprosessar finn stad heile livet. I løpet av livet får og tek vi fleire sosiale roller, både i familien, i samfunnslivet og i arbeidslivet. I samfunnet i dag har også media ein stor innverknad på sosialiseringsprosessar.

Vi skil mellom to typar sosialisering: primærsosialisering og sekundærsosialisering.

Primærsosialisering

Primærsosialisering går føre seg i din næraste familie. Familien din har lært deg å snakke, tenkje, skilje mellom rett og galt, kva som er gode og dårlege vanar og korleis du bør oppføre deg mot andre. Når vi tenkjer på dette, er det ikkje rart at mange veks opp til å bli ganske like foreldra sine.

Sekundærsosialisering

Sekundærsosialisering er det du får med deg frå andre du har jamleg kontakt med utanfor familien. Nokre døme kan vere det du lærer på skulen, gjennom vennar og gjennom fritidsaktivitetar. Dei du er mest saman med, er også viktige bidragsytarar til korleis du ser på deg sjølv og verda rundt deg, kanskje særleg i tenåra.

CC BY-SASkrive av Gro-Anita Mortensen, Jan Erik Auen og Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2019

Læringsressursar

Ny på vidaregåande