Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Blogg om livet ditt

Lag ein personleg blogg for å vise andre kven du er.
Jente med laptop. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blogg er ein sjanger som kan beskrivast som ei slags dagbok på nett. I denne oppgåva skal du opprette din eigen blogg med augeblinkar frå kvardagen din. Kanskje du vil skrive litt om korleis det er å gå på vidaregåande skule? Kanskje du har sterke meiningar om noko, og er aktivt med i ein organisasjon? Kva gjer du på ettermiddagane? Kva for andre interesser har du utanom skulen?

Bruk bloggen til å introdusere deg sjølv. Det er viktig at bloggen kommuniserer godt og er personleg. Du kan hente nokre bilete frå nett, men du må også ta eigne bilete eller lage eigne videoar til kvart blogginnlegg.

Slik opprettar du ein blogg

Det finst mange ulike bloggplattformer. Du står fritt til å velje den du likar best. Både Wordpress og Miniblogg har gratis bloggtenester og tilbyr ferdige malar du kan bruke.

Bruk gjerne andre bloggar som inspirasjon, men ikkje kopier andre.

Forslag til gjennomføring

Snakk med læraren din om korleis de bruker bloggen i klassen. Kanskje de kan blogge om aktivitetar som skjer i skuletida og bruke bloggen på tvers av fleire fag i ein viss periode?

Krav til ferdig resultat kan vere at du må produsere femten innlegg, der fem av desse skal vere skrivne på engelsk. Slik kan de knyte faget engelsk inn i bloggen dykkar.

Bruk medelevane dine undervegs til å få innspel og kommentarar på bloggen din. Presenter til slutt minst to av blogginnlegga dine i klassen, slik at alle får eit innblikk i livet ditt.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 27.11.2019

Læringsressursar

Ny på vidaregåande