Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kjenneteiknar eit godt klassemiljø?

Eit godt klassemiljø er viktig for å trivast og gjere det bra på skulen. Kva er det som kjenneteiknar eit miljø der alle har det bra?
Seks ungdomar sit i ring i eit klasserom og diskuterer fag. Dei smiler og ser på kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva kjenneteiknar eit bra klassemiljø? I denne oppgåva skal klassen diskutere kva dei assosierer med eit godt miljø.

Førebuing: Klassen går saman i grupper på tre–fem elevar. Kvar elev får utdelt eit blankt ark. Før de startar, riv alle kvart sitt ark i tolv–femten lappar som de legg i ein bunke framfor dykk. Lappane må vere store nok til å romme minst eitt ord.

  1. I løpet av eitt og eit halvt minutt skal gruppene skrive ned så mange ulike kjenneteikn på eit godt klassemiljø som mogleg. Læraren tar tida og gruppene jobbar på følgjande måte:
    • Alle i gruppa skal forsøke å skrive ned så mange ord som mogleg på lappane dei har framfor seg.
    • Skriv berre eitt ord på kvar lapp.
    • Når éin i gruppa har skrive ned eit ord på lappen sin, roper han eller ho ut ordet høgt og legg det i midten. På den måten høyrer alle i gruppa kva for eit ord det er, og de unngår å skrive same ord fleire gonger.
  2. Kvar gruppe tel opp kor mange forskjellige ord dei har skrive ned. Den gruppa med flest ord vinn.
  3. Gruppene skal deretter ordne lappane i ulike kategoriar. Gruppene vel sjølve kva dei vil kalle dei ulike kategoriene.
  4. Til slutt oppsummerer de i klassen. Kva for ulike kategoriar kom gruppene fram til? Var det nokre kategoriar eller tema som ofte gjekk igjen? Var det noko viktig som mangla?
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2021

Læringsressursar

Ny på vidaregåande