Hopp til innhald

Fagstoff

Kven kan du snakke med på vidaregåande skule?

Kven kan du snakke med viss det oppstår eit problem på vidaregåande? På skulen finst det fleire som kan hjelpe deg med utfordringane dine og svare på dei spørsmåla du måtte ha.
Rommen skole. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På vidaregåande går du gjennom ein periode med store forandringar. Du blir vaksen og skal velje yrke og utdanning og byggje ditt eige liv. Familien får ofte mindre å seie, du blir ein del av nye miljø, og mange får kjærast for første gong.

Dei endringane du går igjennom og dei vala du står overfor, skaper ulike utfordringar. Det er ikkje uvanleg at ungdommar i denne alderen støyter på problem som det kan vere vanskeleg å løyse på eiga hand.

Mange er flinke til å oppsøkje hjelp når dei møter utfordringar på vidaregåande. Jo tidlegare ein spør om hjelp, jo lettare kan det vere å løyse problemet. Det er derfor alltid betre å ta kontakt ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Mange får hjelp av familie og vener, men ofte har ein òg behov for hjelp frå andre. Her er ei oversikt over nokre av dei du kan ta kontakt med på skulen viss du møter på ei utfordring.

Lærarar og leiing på skulen

Kontaktlærar

Kontaktlæraren er ofte den første du kan snakke med. Det kan gjelde alt frå faglege til sosiale og individuelle utfordringar som påverkar skulegangen din. Kontaktlæraren kan hjelpe å leggje til rette skulekvardagen, snakke med faglærarane dine og vidareformidle kontakt til leiinga og hjelpetenesta til skulen.

Faglærar

Faglæraren kan svare på spørmål om dei enkelte faga. Han eller ho kan leggje til rette undervisning og vurderingar og hjelpe deg med faglege utfordringar.

Leiinga i skulen

Leiinga i skulen har det overordna ansvaret på skulen. Du kan ta kontakt med leiinga viss du har spørsmål om linjeval eller klassebyte, viss du opplever eit problem med ein lærar, andre elevar eller klassen, eller viss du har andre utfordringar som faglæraren og kontaktlæraren ikkje kan hjelpe deg med.

Elevtenesta på skulen

Elevtenesta er tilbod til alle elevar. Ho skal bidra til at alle elevar har det bra og trivst på skulen. Du finn kontaktinformasjonen til elevtenesta på nettsida til skulen.

Helsesjukepleiar

Helsesjukepleiaren på skulen kan gi råd om fysisk og psykisk helse. Dei kan til dømes svare på spørsmål om rus, eteåtferd, tungsinn, prevensjon, graviditet, seksualitet og sjukdom, problem heime, angst og bekymringar for ein ven.

Rådgivar

Rådgivar på skulen kan rettleie om utdanning og yrkesval. Dei har òg samtalar med elevane om faglege, personlege og sosiale utfordringar, og dei kan formidle kontakt til andre hjelpeinstansar.

Miljøarbeidar

Miljøarbeidarane arbeider for at alle skal trivast på skulen. Du kan spørje dei om ulike aktivitetar på skulen og alt som påverkar kvardagen og skulegangen din.

Skulepsykolog

Skulepsykologen kan hjelpe deg med spørsmål om psykisk helse. Det er fleire skular som ikkje har skulepsykolog, og då kan du ta kontakt med helsesjukepleiaren på skulen.

Minoritetsrådgivar

Minoritetsrådgivaren arbeider for at alle elevar skal kunne bestemme over sitt eige liv. Viss du har ein minoritetsrådgivar på skulen, kan du mellom anna spørje om stengde grenser, ufridom, press, store forventningar, tvang, vald og truslar, seksuell legning, bekymring om utanlandsreiser og tvangsgifte.

Pedagogisk-psykologisk teneste

Den pedagogisk-psykologiske tenesta ved skulen kan mellom anna svare på spørsmål om fagvanskar, personlege eller psykiske problem, konsentrasjonsvanskar eller sosiale vanskar.

Biblioteket

Bibliotekaren på skulen kan hjelpe deg å finne informasjon og rettleie deg i informasjonsinnhenting. Du kan spørje om til dømes lærebøker, filmar, romanar, dikt, teikneseriar, blad eller aviser.

IKT

IKT-avdelinga på skulen kan hjelpe deg med dataspørsmål. Du kan mellom anna spørje dei om passord, brukaridentitet, programvare, tilgang til nett og skrivarar, datasikkerheit, lagring og sikkerheitskopiering.

Kontoret

Viss du er usikker på kven du skal spørje, kan du ta kontakt med kontoret. Dei kan svare på mange praktiske spørsmål rundt skulekvardagen din og vidareformidle kontakt til lærarar, rådgivarar, leiinga i skulen, vaktmeister og reinhald.

Fire elevar sit saman i ei gruppe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Elevrådet

Elevrådet er representantane til elevane på skulen. Dei arbeider for interessene til elevane og eit godt skulemiljø og har jevnlige møte med leiinga i skulen.

Elevrådsrepresentanen i klassen

Du kan snakke med elevrådsrepresentanten om klasse- og skulemiljø og læringssituasjonen på skulen. Elevrådsrepresentanten kan ta spørsmåla opp i klassen eller vidareformidle dei til elevrådet, aktuelle lærarar og leiinga i skulen.

Elevrådet

Elevrådet kan ta opp viktige saker for elevane. Du kan til dømes snakke med dei om inneklima, skulemiljø, sosiale aktivitetar på skulen og problem med lærarar, undervisning og vurderingar.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2021

Læringsressursar

Ny på vidaregåande