Hopp til innhald

Fagstoff

Forarbeid og research til portrettintervju

Kva veit du om klassekompisen din, og kva er du nysgjerrig på å vite meir om? Kanskje kan du finne interessant informasjon på nettet eller hos medelevane dine? Kva kunne vere interessant å fortelje klassen om personen?
Portrett av fargerike Christine Khot med ballongar og ein utkledd hund. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"Research" er det arbeidet du gjer før intervjuet. Målet er å stille mest mogleg førebudd slik at du kan stille gode spørsmål. Å stille uførebudd til eit intervju er det same som å stille uførebudd til ei prøve – då kan det fort gå på tomgang!

Førebuing til research

Kva veit du allereie frå før? Kva lurer du på?
Bruk 10 minutt til å skrive ned

  1. alt du veit om medeleven du skal intervjue
  2. alt du lurer på om medeleven din

Research i klassen

No skal du bruke 30 minutt til å snakke med flest moglege medelevar i klassen. Det er nemleg ved å oppsøkje mange ulike kjelder du kan få brei informasjon om den du skal intervjue.

Du kan stille grunnleggjande spørsmål som:

  • Kva for hobbyar har intervjuobjektet (O) ditt?
  • Kor mange søsken har O?
  • Kva synest O om skule?
  • Kva slags musikk høyrer O på?

Men hugs at målet med portrettintervjuet er å lage eit komplekst bilete av den du skal intervjue. For å få til eit portrett av O bør du også stille spørsmål som:

  • Har O nokon vanar/uvanar?
  • Kva er typisk O?
  • Kva er det aller viktigaste i livet til O?
  • Kva engasjerer O?

NB! Hugs å hugse!

Det er liten vits i å gjere grundig research om du gløymer alt som blir fortalt deg. Skriv ned eller ta opp det medelevane dine seier, med mobiltelefon.

Research på Internett

Bruk 15 minutt til å finne ut mest mogleg om intervjuobjektet (O) ditt ved å bruke Internett.

Du kan

  • sjekke ut sosiale medium som Instagram, Facebook osv. ...
  • søkje på namnet til O i ein søkjemotor.
  • finne meir ut om interessefeltet til O eller kvar O kjem frå

Avslutt med å skrive ned kva slags inntrykk du sit att med av O etter denne researchen.

NB! Ver varsam med sensitiv informasjon

Dersom du skulle få eller finne informasjon som kan setje O i eit dårleg lys, eller som er av privat karakter, må du vere varsam. Opplys, avklar og bli einig med O om korleis slik informasjon skal handterast, eventuelt i samråd med lærar.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 12.11.2019

Læringsressursar

Ny på vidaregåande