Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Rettleiing

Førebu intervjuet

Ein god journalist både lagar og stiller gode spørsmål. Du må også førebu utstyr du treng i intervjusituasjonen.

Kunsten å lage gode spørsmål

Gode spørsmål er viktig for å få til både eit spennande intervju og eit godt sluttprodukt. Men kva kjenneteiknar gode spørsmål?

  1. Lag spørsmål som er opne. Det vil seie at du ikkje skal stille ja/nei-spørsmål, men spørsmål der intervjuobjektet (O) kan utdjupe kva hen meiner.
  2. Ta utgangspunkt i det du fann ut i researchen: "Alle seier at du er ein snill gut, men har du nokon "slemme" sider også?"
  3. Lag mange spørsmål! Det er betre å ha med for mange spørsmål enn for få. Da kan du heller sløyfe dei du meiner er mindre relevante om tida blir for knapp.

Hugs å avklare om det er i orden for intervjuobjektet dersom du vil ta bilete og/eller gjere opptak.

Når du tek bilete

Pass på at medeleven din er i fokus i biletet, og at det ikkje er noko i bakgrunnen som forstyrrar. Bakgrunn med sterke mønster, andre personar eller merkbare element, som ein lyktestolpe, kan ta fokuset ditt bort frå O.

Pass på at det er godt lys, og at lyset kjem på O frå riktig retning. Tek du biletet framfor eit vindauge med mykje motlys, blir objektet mørkt. Still deg heller slik at du kan bruke lyset frå vindauget til å lyse opp intervjuobjektet, og at du står framfor vindauget med lyset i ryggen.

Ta mange bilete, det er gratis! Ta både breidde- og høgdebilete, nærbilete og totalbilete. I tillegg til eit portrettbilete av medeleven din kan du også vurdere å ta biletet i eit miljø som representerer og er viktig for intervjuobjektet.

Førebu utstyr og opptak

Skal du ta bilete, gjere video- og/eller lydopptak? Då bør du ha ein klar plan på førehand over kva du skal gjere opptak av, og korleis du tenkjer å bruke materialet.

Tips

  • Du kjem langt med mobiltelefonen din.
  • Sørg for at du har nok batterikapasitet.
  • Sjekk at lydopptak, høgtalar, bilete- og videofunksjonar verkar som dei skal, og at du veit korleis du skal bruke dei ulike funksjonane.
  • Bruk gjerne komposisjonsprinsipp når du tek bilete og gjer videoopptak.
  • Sjekk lydnivå og biletkvalitet på opptak før du avsluttar intervjusituasjonen.

Multimedialt portrett

Det er også mogleg å lage eit multimedialt portrett. Her kombinerer du fleire medieuttrykk som skrift, bilete, lyd og/eller video.

Du kan bruke stories-funksjonen i eit sosialt medium, redigere tekst inn på eit lydspor i ein videoredigeringsapp eller eit videoredigeringsprogram. Du kan leggje video, bilete og lydspor inn i eit blogginnlegg eller setje saman tekst og bilete i eit designprogram.

Tips

  • Ikkje ha det same innhaldet i lyd og video.
  • Eit lydklipp kan innehalde ei eiga historie.
  • Eit videoklipp kan vise ein favorittaktivitet eller O gjennom ein dag.
  • Skrift kan underbyggje eller fortelje noko anna enn informasjonen som ligg i eit bilete.

Førebu eit videointervju

Sist oppdatert 12.11.2019
Tekst: Åsa Abusland, Albertine Aaberge og Stina Åshildsdatter Grolid (CC BY-SA)

Læringsressursar

Ny på vidaregåande

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar