Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC BY-SA

Relasjonane til medelevane dine er viktig for korleis du trivst på skulen. Saman med klassekameratane dine kan du skape eit miljø som inkluderer alle.

I arbeidet med læringsstien får du

  • øve deg på å bli betre kjent med klassekameratane dine
  • diskutere korleis du skaper gode sosiale relasjonar
  • kunnskap om roller og sosialisering og kva som påverkar sjølvtilliten din
  • skape eit produkt som bidreg til samhald og inkludering
  • reflektere over korleis klassen din kan inkludere alle elevane

Denne læringsstien er tverrfagleg. Den kan brukast i alle fag, men nokre artiklar og oppgåver passar spesielt godt i samfunnskunnskap, norsk og mediefag.