Hopp til innhald
LearningPath
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC-BY-SA-4.0

Eit godt klassemiljø er noko du skaper saman med læraren og dei andre elevane i klassen.

I arbeidet med læringsstien får du

  • reflektere over kva som kjenneteiknar eit godt og dårleg klassemiljø
  • Øve deg på å bli betre kjent med klassekameratane
  • Kjennskap til normer og verdiar som bidreg til eit godt klassemiljø
  • reflektere over korleis du og dei andre i klassen kan unngå mobbing
  • bli samde med dei andre i klassen om eit sett med felles reglar

Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i alle fag, men nokre artiklar og oppgåver passar spesielt godt i kroppsøving, samfunnskunnskap, norsk og mediefag.