Klassemiljø og relasjonar
Oppgåve 1
Klippa frå denne filmen er henta frå kortfilmen "Full kontroll". Handlinga er frå ein vidaregåande skule, og settinga er ein kroppsøvingstime.
Sjå filmklippa. Svar deretter på spørsmåla.
A) Mavi (lengde 0:13)
Beskriv korleis du trur Mavi har det her. Grunngi svaret.
B) Minda (lengde 0:28)
Korleis reagerer du når du ser denne scena? Kvifor? Kva trur du får Minda og dei andre jentene til å behandle Mavi på denne måten?
C) Kai (lengde 0:41)
Beskriv korleis du trur Kai har det her. Grunngi svaret. Kva kommuniserer gutane eigentleg i dette klippet? Stikkord kan vere kroppsspråk, ordval og formulering.
D) Simen (lengde 0:43)
Kva får Simen til å angripe Kai? Kva ville du gjort i Kai sin situasjon?
Oppgåve 2
Sjå heile filmen (lengde 20:25). Gjer refleksjonsoppgåvene under etterpå.
- Kvifor oppstår slike situasjonar i utgangspunktet?
- Kva kan de gjere for å unngå denne typen situasjonar? Finst det andre måtar å løyse slike situasjonar på?
- Korleis kommuniserer vi med kvarandre i kvardagen? Er det forskjell på kommunikasjonen du har med nære vener, klassekameratar og foreldra dine? Er det situasjonsavhengig? Diskuter! Stikkord: kroppsspråk, blikk, ordval.
Korleis kan de som klasse jobbe for å få eit godt klassemiljø?
Blir du eller nokon du kjenner, utsett for mobbing? Les meir på ung.no.
Du kan også ringe, sende e-post eller chatte anonymt med "Kors på halsen".