Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Ta bilete av gode og dårlege relasjonar

Bruk eigne klassekompisar og kom opp med scenar som viser gode og dårlege relasjonar.

Ta bilete av relasjonar

I denne oppgåva skal de ta bilete som uttrykkjer gode og dårlege relasjonar. Bruk gjerne eigne mobiltelefonar.

Jobb aleine og i grupper.

1. Beskriv skriftleg kva du vil ta bilete av.

  • Kva ønskjer du å fortelje?
  • Korleis skal du sikre deg at du gjer dette?
  • Du kan ta utgangspunkt i eit tema som 'på ny skule', 'venskap', 'klassekamerat', 'ekskludering', 'inkludering'.

2. Diskuter ideen

Diskuter ideen eller ideane dine med andre i klassen. Organiser dykk i passande grupper for å kunne realisere ideane til den enkelte på gruppa.

  • Korleis kan de ta biletet for å verkeleg gjere tydeleg bodskapen i biletet?
  • Korleis skal personar stå i høve til kvarandre?
  • Kva skal du gjere?
  • Kor mykje av situasjonen skal visast? Ansikt? Kroppsspråk? Omgivnader?

3. Regisser scenar og plukk ut bilete

Regisser scenar og ta bilete. Ta minst 10 ulike bilete av kvar av ideane/scenane.

4. Diskuter bilete

Gå gjennom bileta og plukk ut 2 bilete frå kvar av ideane som de diskuterer i gruppa.

  • Kva fungerer?
  • Kva fungerer ikkje?
  • Bestem deg for to ting du vil gjere annleis i neste runde.

5. Ta nye bilete

Ta 10 nye bilete, jobb konsentrert og grundig for å gjere desse betre enn i første runde.

6. Rediger bileta

Plukk ut to bilete aleine eller i grupper. Rediger bileta. Du kan til dømes skjere dei og/eller leggje på filter.

7. Forklar bileta skriftleg

Vel om du vil jobbe i gruppa di eller individuelt.

  • Kva kommuniserer bileta?
  • Beskriv kva du/de er spesielt nøgd med å ha fått til.

8. Lever og presenter utvalde bilete

Til slutt – lever bileta til lærar og presenter bilete for klassen.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 17.11.2026