Bra klassemiljø - Ta bilete av gode og dårlege relasjonar - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Bra klassemiljø

Skrive av Cathrine Dunker Furuly, Albertine Aaberge, Eivind Sehested Zakariassen, Karl Henrik Aanesen, Stina Åshildsdatter Grolid, Inga Berntsen Rudi og Gro-Anita Mortensen.
Sist oppdatert 28.04.2020
Øving

Ta bilete av gode og dårlege relasjonar

Bruk eigne klassekompisar og kom opp med scenar som viser gode og dårlege relasjonar.

I denne oppgåva skal de ta bilete som uttrykkjer gode og dårlege relasjonar. Bruk gjerne eigne mobiltelefonar.

Jobb aleine og i grupper.

  1. Beskriv skriftleg kva du vil ta bilete av.

    • Kva ønskjer du å fortelje?
    • Korleis skal du sikre deg at du gjer dette?
    • Du kan ta utgangspunkt i eit tema som 'på ny skule', 'venskap', 'klassekamerat', 'ekskludering', 'inkludering'.
  2. Diskuter ideen eller ideane dine med andre i klassen. Organiser dykk i passande grupper for å kunne realisere ideane til den enkelte på gruppa.

    • Korleis kan de ta biletet for å verkeleg gjere tydeleg bodskapen i biletet?
    • Korleis skal personar stå i høve til kvarandre?
    • Kva skal du gjere?
    • Kor mykje av situasjonen skal visast? Ansikt? Kroppsspråk? Omgivnader?
  3. Regisser scenar og ta bilete. Ta minst 10 ulike bilete av kvar av ideane/scenane. Bruk maks 20 minutt.
  4. Gå gjennom bileta og plukk ut 2 bilete frå kvar av ideane som de diskuterer i gruppa.

    • Kva fungerer?
    • Kva fungerer ikkje?
    • Bestem deg for to ting du vil gjere annleis i neste runde.
  5. Ta 10 nye bilete, jobb konsentrert og grundig for å gjere desse betre enn i første runde.
  6. Plukk ut to bilete aleine eller i grupper. Rediger bileta. Du kan til dømes skjere dei og/eller leggje på filter.
  7. Vel om du vil jobbe i gruppa di eller individuelt.

    • Kva kommuniserer bileta?
    • Beskriv kva du/de er spesielt nøgd med å ha fått til.
  8. Til slutt – lever bileta til lærar og presenter bilete for klassen.
Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2019