Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bli-kjent-aktivitetar frå Strinda vidaregåande

Korleis kan elevane raskt bli kjent med kvarandre? På Strinda vidaregåande har dei samla fleire bli-kjent-aktivitetar som klassen kan bruke i starten av eit nytt skuleår.
Ungdommar står i sirkel og held oppe eit fargerikt segl.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I ein ny klasse er det viktig at elevane raskt blir kjent med kvarandre. Det aukar trivselen blant elevane og er med på å skape eit godt klassemiljø. Her finn du nokre ulike aktivitetar som klassen kan gjere saman i starten av eit nytt skuleår.

Intervju

To og to elevar intervjuar kvarandre. Dei stiller kvarandre spørsmål som kan vere fint å vite om den andre. Etterpå presenterer dei den andre for resten av klassen. «Dette er Sara, ho liker å danse,» osb.

Speeddating

Elevane sit ovanfor kvarandre to og to og får ei gitt tid (f.eks 3–5 min) til å snakke saman og til å prøve å bli kjent. Etter at tida er ute, varslar læraren/ei klokke om at dei skal byte. Elevane rullerer slik at alle til slutt har prata med alle. Nokre elevar kan trenge nokre forslag til spørsmål dei kan stille.

Forslag til spørsmål elevane kan stille kvarandre
  1. Kva heiter du?
  2. Kvifor valde du (den linja dei har komme inn på)?
  3. Beskriv deg sjølv med 3 ord.
  4. Kva synest du om denne skulen så langt?
  5. Kva liker du å gjere på fritida?
  6. Kva ville du bli då du var liten?
  7. Korleis ser du for deg framtida di om 10 år?
  8. Viss du vann 1 million kroner, kva ville du brukt dei på?
  9. Har du nokre dyr?
  10. Spelar du Candy Crush? Eller 2048? Kva er rekorden din?

Namneleik 1

Elevane sit i ring. Ein startar med å seie namnet sitt, nestemann seier namnet på elev nr. 1 og sitt eige, nestemann seier namnet på nr. 1 og 2. og sitt eige, også vidare til alle i ringen er nemnd av sistemann.

Namneleik 2

Elevane seier namnet sitt etter tur og seier samtidig eit ord på same forbokstav som namnet, som beskriv personen. T.d. Laila Lattermild, Julie Jovial, osb.

Plassering i rommet

Elevane står i rommet og skal plassere seg fysisk på rekke etter fornamn i alfabetisk rekkefølgje. Elevane må prate saman og kommunisere, samstundes som dei får rørt seg litt fysisk. Denne leiken kan gjerast i fleire variantar, og ta gjerne fleire etter kvarandre når elevane har forstått konseptet. Andre kriterium kan vere å plassere seg på rekke etter fødselsdato, fargen på klede plassert i regnbogefargar, postnummer, m.m.

Plassering rundt skulen

Læraren markerer i rommet kvar skulen ligg. Elevane må snakke saman om kvar dei bur geografisk, og skal plassere seg rundt «Skulepunktet» etter dette.

Sheriff

Ein elev er sheriff og står i midten, dei andre elevane står i ein ring rundt. Når sheriffen siktar på ein i sirkelen og seier pang, skal den som blir sikta på, dukke umiddelbart. Viss han eller ho ikkje dukkar raskt, er personen skoten (ute) og går ut av ringen.

Med ein gong ein person dukkar, snur dei som står nærast på kvar side seg mot kvarandre og seier pang. Den som var raskast blir ståande, den andre er ute. Slik held fram det til berre to er igjen.

Dei to siste stiller seg rygg mot rygg. Sheriffen seier så eit tal, og duellantane skal reagere i samsvar med dette. Viss talet IKKJE har 2 i seg, går dei eit skritt frå kvarandre. Viss talet har 2 i seg, skal dei snu seg raskast mogleg, peike og seie pang. Vinnaren, som er raskast, blir ny sheriff.

Hoppe slengtau


To elevar sveivar eit langtau. Dei andre skal prøve å få flest mogleg til å hoppe samtidig og få til høgast mogleg tal på hopp om gongen, eventuell hoppe lengst i tid. Denne øvinga krev ein del av elevane og er kanskje ikkje eigna for alle så tidleg på året.

Elevar og lærarar står med tente lys.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Rannveig Odnes.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Ny på vidaregåande