Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Deutsch unplugged 1

PC-fri sone! Her kjem eit forslag til ein aktivitet der elevane får brukt både kropp og snakketøy. God fornøyelse!
Person held ein skjøyteleidning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

50-leiken

Dette er eit rebusløp (ein Postenlauf) for å bli kjent med faget – og med kvarandre. Elevane leiker seg til geografi- og kulturkunnskap, gloser og grammatikk på ein morosam og aktiv måte. Første gruppe til femti vinn!

Tidsbruk

Ca. 30 minutt. Viss ein ikkje har så mykje tid, er det ingenting i vegen for å ha 30- eller 40-leiken i staden.

Utstyr

  1. Ein terning, gjerne ein stor terning i tre

  2. Utskrift av dei 50 postane med tala 1–50 på den eine sida og spørsmåla på den andre sida. Det er lurt å ha postane i (gjennomsiktige) plastlommer eller å laminere dei, slik at dei kan brukast mange gonger.

  3. Utskrift av fasiten

  4. Eit ark for å notere terningkasta til kvar gruppe, og ein penn

Førebuingar

  1. Last ned:
    50 postar med spørsmål
    Fasit til dei 50 spørsmåla

  2. Skriv ut dei 50 spørsmåla. Kvart ark skal innehalde eit tal mellom 1 og 50 og eit spørsmål.

  3. Spørsmåla står på både tysk og norsk. Bestem på førehand om gruppene skal svare på tysk eller om dei kan svare på norsk.

  4. Fordel postane på eit avgrensa område i skulegarden eller i terrenget. Postane kan til dømes hengast i trea eller leggast ulike stader på bakken.

Filer

Gjennomføring

  1. Del elevane inn i grupper på 4–6 personar. Kvar gruppe blir einige om ein dyrelyd som skal vere kallesignalet deira. Gruppene må ha forskjellige dyrelydar.

  2. Du står ved kontrollposten som gruppene startar frå, og som også er målet etter enda løp. For kvar enkelt post gruppene er innom, må dei komme bort til deg og levere svaret.

  3. Gruppene slår terning om kven som får begynne, kven som er nr. 2 osv. Leiken startar ved at ein elev frå gruppa som fekk høgast terningkast slår terningen. Vedkommande får til dømes ein 4-ar. Du noterer talet. No skal gruppa spreie seg og leite etter post nr. 4. Deretter gjer dei andre gruppene det same etter tur.

  4. Når eit gruppemedlem finn den rette posten, skal han eller ho rope ut den avtalte dyrelyden for å tilkalle dei andre. Så fort alle har komme, les dei spørsmålet og blir einige om svaret. Så løper dei tilbake til deg og seier til dømes: “Post fire: Hovudstaden i Tyskland er Berlin. / Posten vier: Die Hauptstadt von Deutschland ist Berlin.”

  5. Viss svaret er riktig, slår ein ny på gruppa terningen. Talet som terningen viser, blir lagt til talet gruppa er på: Var gruppa nettopp på post 4 og slår ein 3-ar, løper alle no for å finne post 7. Du noterer det nye talet.

  6. Viss svaret er feil, må gruppa vente til du har sagt rett svar før dei får slå terningen på nytt.

  7. Dersom det er mange elevar i klassen, er det lurt å vere to som styrer leiken, slik at gruppene slepp å stå og vente på tur for å gi svar og kaste terning. Då treng du ein ekstra terning og ein ekstra fasit. Medhjelparen kan gjerne vere ein elev.

  8. Ekstra krydder: Dersom du vil at feil svar skal svi litt meir, kan du legge inn ulike straffereaksjonar. Det kan til dømes vere at gruppa må vente i 30 sekund før dei får lov til å slå terning på nytt, eller at dei mister terningkastet dei svarte feil på og må rykke tilbake til førre tal. (I dømet vårt: Gruppa må tilbake til talet fire og plusse det nye terningkastet på talet fire.)

  9. Slik held ein fram, heilt til ei av gruppene har nådd talet 50. Dette er vinnarlaget.

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2019

Læringsressursar

Ny på vidaregåande