Stasjonsarbeid om klassemiljø (QR)
Elevane skal skanne QR-kodar for å finne filmklipp og oppgåver i dette undervisningsopplegget.
Del elevane i fem grupper.
Plasser postane på ulike stader inne eller ute på skuleområdet. Gjer det lett å finne dei. Viss postane er plasserte på eit større område, kan du lage eit enkelt kart over postane.
Post 4 har videoklipp og må vere ein stad der elevane kan spele av lyd.
Skriv ut dokumentet med postane og plasser ut desse før timen startar.
Gjer ein enkel test og sjekk at kodane fungerer.
Elevane skal innom alle postane, og dei følger rekkefølga på postane.
Set av like lang tid til kvar post. Bruk alarm for å halde tida. Lag eit signal som betyr at elevane skal byte post.
Lærar går innom gruppene undervegs mens stasjonsarbeidet går føre seg.
Nokre av temaa kan vere vanskelegare å jobbe med. Det er viktig at læraren vurderer undervisningsopplegget i forkant og er merksam på korleis elevane opplever innhaldet.
Filer
Relatert innhald
QR-kodar let oss effektivt og enkelt dele og opne nettinnhald med mobilen. Lær tips og triks og kom i gang med QR-kodar!
QR i undervisninga kan gjere det lettare å forlate klasserommet og jobbe friare og meir spontant. Det kan gi meir engasjerande og elevaktiv undervisning.