Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Sosiale medium og klassemiljø

Mykje av kommunikasjonen i ein klasse går føre seg på sosiale medium. Korleis kan ein bruke sosiale medium til å skape eit godt klassemiljø, og kvar går grensa for kva du kan seie og dele på nett?

FooterHeaderIconFooter iconLK20
Jente ser på mobilskjerm. Bilde.

Jente ser på mobilskjerm.

Snapchat, Facebook, Instagram, Tumbler. Sosiale medium er ein viktig og nyttig arena for å skape gode relasjonar med vener og klassekameratar. Mange klassar opprettar ein klassechat. Det kan vere ein fin arena for å utveksle informasjon, men sosiale medium kan også by på utfordringar for miljøet i klassen.

Vel ut oppgåver under i samråd med læraren, og jobb vidare med dei.

Oppgåve 1. Sosiale medium og klassemiljø

Sit i grupper og trykk på emojiane. Den som har fødselsdag først, startar og trykkje og svarer på det første spørsmålet. Bruk gjerne konkrete døme. Diskuter deretter spørsmålet i fellesskap, før de held fram.

Casar til oppgåve 1
  1. Kva slags meldingar skaper eit godt klassemiljø på sosiale medium?
  2. Kva for meldingar bidreg til å skape eit dårleg klassemiljø?
  3. Burde kontaktlæraren vere til stades på klassechaten?
  4. Er det verre å skrive noko negativt på sosiale medium enn å seie det ansikt til ansikt?
  5. Kva bør du like av det klassekameratane legg ut på nett?
  6. Når er det greitt å seie frå til ein lærar om negative ting som skjer på nett?
  7. Kva gjer du viss ein klassekamerat skriv noko negativt om deg på nett?
  8. Kva gjer du viss ein i klassen legg ut noko negativt om andre i klassen?
  9. Kva slags bilete er det greitt å dele på nett?
  10. Kven har ansvar for at sosiale medium bidreg til eit godt klassemiljø?

Oppgåve 2. Kvar går grensa?


Kvar går grensa for kva du kan seie og dele på sosiale medium? Sjå filmen og gjer oppgåvene.

Diskuter i grupper.

  1. Hent fram erfaring frå ein eller fleire innlegg du har fått eller har lagt ut, som er på grensa til kva du eller andre bør stå inne for.
  2. Kva er problemet med innlegget? Kvifor tenkjer de det? Kva for følelsar vekkjer det? Kva for konsekvensar kunne det hatt, i verste høve?
  3. Når du tenkjer på innlegget i ettertid, kva burde vore gjort annleis?

Oppgåve 3. Ein klassekamerat endrar oppførsel

Jente som ser lei seg ut. Foto.

Tenk deg at du har ein klassekamerat, Maria eller Simen, som var veldig livleg i starten av skuleåret. Dei siste dagane har Maria eller Simen trekt seg unna dei andre og vil helst vere for seg sjølve. Du legg merke til at hen er litt bleikare, men når de spør, seier hen at alt går heilt fint.

På klassechaten hender det fleire gonger at hen spør om noko som læraren har gjenteke mange gonger i timen, noko som alle dei andre i klassen har fått med seg. Hen legg også ut nokre bilete av seg sjølv der hen verkar utafor og trist. Bilete du sjølv ikkje syntest er særleg fine.

  1. Kva slags tilbakemeldingar ville de truleg gitt innlegga hans eller hennar på sosiale medium?
  2. Kva slags tilbakemeldingar trur de klassekameraten dykkar har mest behov for?

Oppgåve 4. Sosiale medium og sjølvbiletet

Sosiale medium kan ha stor påverknad på sjølvbiletet ditt. Sjølvbilete handlar om korleis vi oppfattar oss sjølve, og korleis vi trur andre oppfattar oss.

  1. Korleis meiner du eigne og andre sine innlegg, bilete og tilbakemeldingar på sosiale medium påverkar ditt og andre sitt sjølvbilete?
  2. Gå gjennom dei 10–20 siste meldingane du sende på sosiale medium. Del dei i tre kategoriar. Positive, nøytrale eller negative. Kva var det flest av?
  3. Når du kommuniserer med klassekameratar på sosiale medium, kva ansvar har du for at dei skal utvikle eit positivt sjølvbilete?
  4. Diskuter i grupper, og formuler det de blir einige om. Gi råd! Kva for tre punkt ville de ha gitt ein ven som er for opptatt av tilbakemeldingar og stadfesting i sosiale medium?
Sist oppdatert 21.11.2019
Tekst: Albertine Aaberge og Karl Henrik Aanesen (CC BY-SA)

Læringsressursar

Ny på vidaregåande

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar